Grafikk

Her er mine grafiske blad. Dei fleste er trykt i teknikken Collografi, fotopolymer, chine collé. Dei er handtrykte, og i denne teknikken er kvart enkelt trykk unikt. I fleire tilfelle kan det vera  forholdsvis stor variasjon i fargar og uttrykk, sjølv om det er same plate som er brukt. Dette fordi innfarginga skjer enkeltvis, og mi interesse er å eksperimentera heller enn å tilstreba store opplag med like trykk. I prinsippet er derfor dei aller fleste trykka monotypi - eitt av kvart.

Teknikkane collografi, fotopolymer og Chine collè er representerte her:

Collografi - djuptrykksteknikk der plata er laga av kartong og bearbeidd med ulike former for struktur; enten ved å lima ting på plata som gir overflatestruktur, eller ved å ripa i plata, som kan minna meir om etsing eller koldnål (i metall). Prinsippet er at det er varierte former for struktur, som også kan dannast t.d. ved hjelp av å teikna med lim. Derette blir plata forsegla med lakk. I mitt tilfelle er kvart trykk berre eitt eksemplar av kvart bilde (merka I/I , altså èin av èin). Dette kan gi stor variasjon i farge og uttrykk.


Fotoplymer er ein heilt annan teknikk, der trykkplata er belyst med UV-lampe, og eksponert med hjelp av transparent med foto eller anna svart/kvitt-mønster. Denne plata kan brukast til mange fleire nesten identitske trykk, men også her eksperimenterer eg heller med forskjellar.


Chine collè er ein kinesisk metode der tynne lag med papir som er trykt, teikna  eller malt på, blir limt over trykket med heimkokt rislim. Kombinasjonar av collografi/chine collè går igjen, men også kombinasjon med fotopolymer.


Alle desse teknikkane er nokså ukjende her i landet førebels, men det vil sikkert bli meir kjent etter kvart. Dei klassiske teknikkane tresnitt, litografi, linoleum, koldnål m.m. er arbeidmetodar eg brukar, men for tida er det dei nye og eksperimentelle arbeidsmåtane som "får gjennomgå". Ein stor fordel med dei er også at det er svært miljøvennleg. Det er trykkfarge i olje som blir brukt (Charbonelle), men reingjeringa går i stor grad føre seg med matolje og eddik.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Jeannine | Svar 09.12.2011 13.56

kjempebra!!!!!

kjellaug | Svar 05.12.2011 10.25

Biletet er nå levert til juletustilling på Vestvågøy kunstforening, og eg hadde dessverre ikkje tatt mål på forhånd, men det du ser som er katedral, er A5

May Lill | Svar 05.12.2011 01.29

Herlige bilete! Møll i katedral til kr.2300,- er eit av favorittane mine! Kor stort er det biletet?

Nina B. Sørestad | Svar 07.06.2011 23.37

Elskar fargane dine .

Kjellaug 08.06.2011 00.36

På tide å frakta nokre sørover...

Gunnhild | Svar 25.02.2011 02.17

Nydelige bilder du har.. wow klemm

kjellaug | Svar 14.09.2010 21.02

Så bra J og J

Jorunn Lind Eriksen | Svar 13.09.2010 20.38

For noen flotte bilder, særlig de med rødt og oransje appellerer til meg.

Jørgen Landa | Svar 29.06.2010 03.54

Mykje flott å finna her!

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.12 | 13:56

kjempebra!!!!!

...
05.12 | 10:25

Biletet er nå levert til juletustilling på Vestvågøy kunstforening, og eg hadde dessverre ikkje tatt mål på forhånd, men det du ser som er katedral, er A5

...
05.12 | 01:33

Herlig og enkel komposisjon i nydelige fargar!

...
05.12 | 01:29

Herlige bilete! Møll i katedral til kr.2300,- er eit av favorittane mine! Kor stort er det biletet?

...
Du liker denne siden