Illustrasjon

Den grøne kvinna

Kvifor er det slik at bokillustrasjonar oftast handlar om at illustratøren er bildeskaparen, og forfattaren er hovudleverandøren?

Gjennom kontakt med forfattaren Finn Øglænd gjorde me eit eksperiment, der rekkjefølgja var omvendt. Bildet blei til først - og deretter kom diktet:

Den grøne kvinna.

Begge uttrykk i 2009.


"Den grøne kvinna" var utstilt både som bilde i glas og ramme - og som dikt. Forfattar Finn Øglænd. 2009 Utstilling 2010

Den grøne kvinna - ein diktillustrasjon til bilde



Den grøne kvinna


Eg lever grotesk, eg dør grotesk
med mitt grøne andlet.

Eg syng ikkje.
Min munn syng meg.

Eg lever kontant, eg dør kontant
med min grøne kropp.

Eg dansar ikkje.
Min kropp dansar meg.

Det er ein kontinuitet i meg.
Noko varig. Ein dobbel puls.

Eg føder meg sjølv: Ein gong, to gonger.
Eg gjer alle ting forever.

Eg er varig som ikkje noko anna.
Eg er eit mysterium.

Eg er så enkel som du trur.

Eg har grastorver i kroppen.
Lange snorer av fukt sig nedover meg.

Eg arbeider med tilrettelegging.
Ei lynskarp solstråle, så regn.

Forsåvidt kan du køyre
ditt sentrum tvers gjennom meg.

Først seinare ser du mørkret.
Og alt det blå som stuper.

Om vi nokon gong treffest, skal kroppen min
bli kvadratisk.

Eg leitar ikkje, eg lever som neveren
på ei bjørk.

Eg er det mest banale og luftige vesen,
i ein bleikna bomullskjole mellom lerkene.


( Finn Øglænd , 2009 )

(Diktet kom på trykk i diktsamlinga Lirum Larum - Finn Øglænd, okt 2011)

Biletet Den grøne kvinna fins i ramme og heng på vegg. Men ikkje på trykk, så langt. Laga i akryl på papir 2009, som dikt 2009. Utstilt 2010.

Illustrasjonsoppdrag

BOKforlag:

Eg tar gjerne illustrasjonsoppdrag, både i bøker (forside/omslag eller bilde som heilside eller mindre), barnebøker, eller bildebøker for vaksne. Poesi står høgt i kurs.

TIdsskrift:

Nord-norsk magasin har mine illustrasjonar.
http://www.tidsskriftforeningen.no/index.php/nor/Magasin/Nordnorsk-Magasin-4-09


Musikk - cd-cover, plakat, o.l.  . gjerne til samtidmusikk, med abstrakte motiv - ekstra interessant !
Død fugl (koldnål/etsing) - trykt i Nordnorsk Magasin 4/09 (betre trykk der).

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

mirjam | Svar 28.03.2010 20.09

hei min venn dette e lekkert, lykke til og takk for at jeg er invitert til å se.
go påske. mirjam

Kjellaug 29.03.2010 22.32

Takk Mirjam - du må komme og se i virkeligheten også første utstilling hos Anne i Kvæfjord 6.juni. God påske

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.12 | 13:56

kjempebra!!!!!

...
05.12 | 10:25

Biletet er nå levert til juletustilling på Vestvågøy kunstforening, og eg hadde dessverre ikkje tatt mål på forhånd, men det du ser som er katedral, er A5

...
05.12 | 01:33

Herlig og enkel komposisjon i nydelige fargar!

...
05.12 | 01:29

Herlige bilete! Møll i katedral til kr.2300,- er eit av favorittane mine! Kor stort er det biletet?

...
Du liker denne siden