 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
 Thrane Gård Galleri, Sandnes mai 2012
SEPARATUTSTILLING PÅ GALLERI THRANE GÅRD, Sandnes ved Stavanger. Opninga er på søndag 20.mai.
Utstillinga vera open til 17.juni. http://www.thranegaardgalleri.no/galleri.html
- kanskje utstillinga blir prega av sommarfuglar?
Galleri Thrane Gård på Sandes
Galleri Thrane Gård på Sandes
 Suldal Kulturhus, Ryfylkedagane juni 2012
Separatutstilling i Suldal:
SOMMARUTSTILLAR VED RYFYLKEDAGANE 2012. (Helga 1.- 3. juni)
Opning 2.juni.
Utstillinga står heile sommaren.
Suldal Kulturhus på Sand i Ryfylke.
http://www.suldal.kulturhus.no/utstillingar/
http://www.suldal-turistkontor.no/index.php?Lang=NO&ID=230
Frå foajéen i Suldal kulturhus. (Eg skal ikkje skryta på meg desse bilda på veggen.)
 Utstilling på Lødingendagane, nov 2012
UTSTILLING VED LØDINGENDAGENE 2012 (medio november)
v/ Lødingen Kunstforening.
Lødingen Kunstforening, Facebook.
Meir informasjon seinare.
Frå fjorårets opning.
Frå fjorårets opning.
 Juleutstillingar 2011.
Juleutstillingar 2011.
I år deltar eg på to juleutstillingar: Harstad kunstforening (3 bilde)
Vestvågøy Kunstforening (6 bilde).
Alle bilda er i grafiske teknikkar; fotopolymer og collografi, kombinert med chine collé.
 Utstillingar våren 2011
TROMSØ OPEN:
Offisiell opning av Prima Ink - grafisk verkstad ved Kysten (Fylkeshuset) i Tromsø.
Den offisielle opninga skjer under TROMSØ OPEN, med utstilling ved
ansvarleg/verksmeister Silvia Eliana Martinez - saman med aktive medlemmer.
Møte med publikum der det vil bli fortalt historien
til den nye verkstaden, og der folk kan stilla spørsmål om grafiske
teknikkar som er presentert osv. (Mest collografi og fotopolymer). Resultat frå helgekurs i fotopolymer v/ Lidija Antanasijevic er ein del av utstillinga. Måndag 30.mai 2011 på Kysten, Fylkehuset i Tromsø.
Open dag inkluder 17 kunstnarar som opnar sine atelier og 4 firma sine verkstader på Kysten denne dagen. Velkommen!
MED TRYKK I BLODET:
Duo-utstilling med Silvia Eliana Martinez og Kjellaug Hatlen Lunde.
Ved Kunstmaleren Pedersen sine nye og flotte lokaler i Kirkegata, like nedanfor Tromsø Domkirke.
Opning onsdag 11.mai.kl.18 Kan sjåast på kvardagar i vanleg butikkopningstider (galleri og rammeforretning) 12.mai - 4.juni 2011.
Med Trykk i Blodet - duo-utstilling
Med Trykk i Blodet - duo-utstilling
 Utstillingsopning 11.mai 2011
Utstillingsåpninga gjekk flott med mange besøkjande. Takk til alle som kom!
Silvia E. Martinez sine bilde; dei fire største i kroken. Mine heng vertikalt.
Silvia E. Martinez sine bilde; dei fire største i kroken. Mine heng vertikalt.
 Utstillingar i 2010
Debut-året mitt - etter 24års pause - har vore eit aktivt og lærerikt år.
Ikkje minst er eg glad for invitasjonane til å ha utstillingar; ved Fårebygget i Kvæjord (Borkenes) hjå Anne Semb i juni 2010
......med påfølgjande utstilling på eige initiativ ved Harstad Skole samtidig med Festspillene i Nord-Norge. (juni 2010)
Beijing Home, nyopna kinarestaurant i Tromsø, invitert av Hans Ragnar Mathisen, 10.sept - 10.okt 2010.
Dette er eg godt nøgd med, og takkar spesielt Rune Larsen, mannen min, saman med venner og musikarar Elena Yakovleva og Ola Asdahl Rokkones for flott musikk ved opningane av desse 3 utstillingane!
...og takkar for blomster, gåver, arbeidshjelp og støtte frå gode venner og famile.
 BEIJING HOME, TROMSØ
Etter eitt års arbeid i grafisk verkstad Keviselie hajå Hans Ragnar Mathisen, som vart avslutta parallellt med opninga av den nye restauranten i Tromsø Beijing Home i juni 2010, vart eg invitert av i kunstnaren og galleristen til å ha utstilling her.
Opninga var lagt til 10.09 - og dei same musikarane som sist: Ola A. Rokkones og Rune Larsen , spelte ved opninga. Denne gongen mest Grieg, ettersom Mathisen har vore ein stor inspirator for både grafisk kunst (mest tresnitt) og innføring i klassisk musikk gjennom eit heilt år.
24 bilde - salgsutstilling.
Mange kom til opninga, og fleire sat ned og bestilte god middag på restauranten.
Utstilling på Beijing Home Restaurant, Tromsø - invitert av Hans Ragnar Mathisen. 10.09.10 - 10.10.10.
Brukt som plakat til Beiing Home utstilling 10.09. - 10.10.10
 Under overflata 2
Når eg først hadde bilde på utstilling i Kvæfjord, og det likevel var Festspel i Harstad, flytta me over ein del av bilda til Signalrommet ved Harstad skole. Musikarar hadde eg fått med, som var på oppdrag for operaen "Vi hever våre hoder i skam". Forestillinga blei elles til stor inspirasjon for å markera politisk ståstad ved ustillingsopninga 21.juni 2010.
I tillegg til eit Palestinahjørne, var det mest grafikk og mindre arbeid i glas og ramme som kom med på dei fargerike veggene.
Ola Asdahl Rokkones, sax og Rune Larsen, akkordeon på opninga. Leikande i sitt spel, med mange fine påfunn .
 Plakatar
Dei flotte plakatane, som også blei brukt som annonse, er det minstejenta mi Siri som har stått for. Ho er elev ved Breivang vgs på Medie og kommunikasjon. Der lærer ho grafisk design, bl.a.
Denne kom i fint trykk og pryda Festspelbyen. Laga av Siri.
 GLAD og STOLT
ENDELEG KOM DAGEN.
At det skulle ta 25 år frå avslutningåret på Kunstskolen i Rogaland til debut-utstillinga på Fårebygget, det hadde vel ingen drøymt om. Mange venner har gått og trudd og håpa - akkurat som eg sjølv.
Men sjølv hadde eg visst lenge at dette ein dag skulle bli ein verkeleg draum. Då eg endeleg sleppte tak i arbeidslivet i det offentlege skuleverket, trudde eg likevel det ville ta år å stabla ei eiga utstilling på beina. Målet var å klara det innan 50-årsdagen. Nå blei det tre år før tida. Og dette er i stor grad takka vere Anne Semb på Fårebygget, som inviterte meg, og i tillegg Hans Ragnar Mathisen - Kevieselie - som har lært meg mykje om tresnitt, bokbinding og andre teknikkar gjennom året. Silvia E.Martinez på Prima Ink, Fylkehuset, har også vore sterk pådrivar og gitt meg rom om gode råd. Der har store delar av utstillinga blitt til.
Også kurs i litografi på Grafisk verksted i Stavanger, med styreleiar Ellen Kalvig som inviterte (medstudent på Kunstkolen i Rogaland) og Kjell Johansson som leiar av kurset var viktig inspirasjon. Der møtte eg også igjen både Terry Nilssen Love og Kjell Pahr-Iversen som begge var lærarar på Kunstskolen i Rogaland. Desse oppmuntra også til vidare arbeid.
I tillegg har svært mange venner følgt med på prosessen og vore til inspirasjon og hjelp meg til å fullføra planen, og ikkje minst har mannen min Rune Larsen gleda og fryda seg for kvart skritt eg har tatt i rett retning.
Åsa Pahlberg, kunstterapeut og venn frå Tromsø, var med og sette i gong prosessen, men var også med og fullførte det praktiske arbeidet med opphenging av bilde!
TUSEN TAKK til alle!
http://www.blv.no/lokalsider/kvafjord/article5140746.ece
Glad og stolt med 50 bilder på plass i Fårebygget.
 UNDER OVERFLATA - opninga
FLOTT DAG - debut-utstillinga fekk ein fabelaktig start med godt oppmøte og livlig og stemningsfull konsert!
Elena Yakovleva, fiolin og Rune Larsen, akkordeon
 Elena og Rune
Elena Yakovleva
Fiolinisten som kommer for å spille sammen med Rune jobber til daglig i Tromsø kammerorkester. Ho har også spilt i flere ensembler, både duo, Bodolaj - trio (gipsy), 44tango - med Ola Asdahl Rokkones sax, Pål Thorstensen bass og Rune Larsen akkordeon.
Elena kommer opprinnelig fra Russland, men har jobba som musiker i Norge i flere år både i Tromsø og Oslo, og i turnevirksomhet.
Elena Yakovleva
 Debut-utstilling kombinert med konsert
For meg blir dette ei desto større markering av dagen - at det også blir feira med å forhåpentlegvis kunna fylla det fine gamle fjøset med publikum til ein konsert med liv og røre. Bilda er fulle av fargar, og med store variasjonar. Stille og roleg vil heller ikkje denne konserten bli - her er spennvidda i reportoiret breitt, frå klassisk, folkemusikk, sigyøner? tango? jazz? Alt kan skje med desse musikarane. Rytme og driv, og ikkje minst innleving. Kom og lev med.
(Ekstra triveleg for meg er det at Rune Larsen, som eg gifta meg med for 3 år sidan, er med og spelar konsert. - han er min gode støttespelar!)
Rune Larsen i aktivitet - spelemannen på taket.
 Utstillingsplan
|
|
|
 |
|
|
|