Grafisk verkstad på Kunstkvarteret i Lofoten

Fellesverkstad under oppbygging

Det å ha tilgang til grafisk verkstad, er ein føresetnad for å kunna gjera det meste av arbeid innan klassisk grafikk. Høgtrykksteknikkane tresnitt og lineoleumstrykk kan nokså enkelt utførast heime på kjøkkenbenken med trykking for hand, t.d. med  hjelp av ei spiseskei eller ein treklosse. For dei fleste andre metodar, spesielt innan djuptrykk, vil ei grafikkpresse vera nødvendig for godt resultat.

 

Kunstkvarteret i Lofoten, der eg har hatt atelier nokre år, har me fått i stand eit samarbeid med Vestvågøy kommune, der ei fin grafikkpresse (100 x 200 cm) nå er installert. Her er mitt mål å få bygd opp ein god grafisk verkstad som kan nyttast av fleire, både lokale kunstnarar og gjester i Artist in Residence. Med dette optimistiske prosjektet, i kombinasjon med ein stor Epson-printer som kan skriva ut foto på mange papirtypar, blir dette eit atelierfelleskap med stort utviklingspotesiale.

 

Renessanse for grafikk?

Det er viktig å ha ein grafisk verkstad i Lofoten der det framleis luktar trykksverte. Mange snakkar om ein renessanse for grafikk, og då må me ha fysisk rom for tilrettelagt for dette. Med erfaringar bl.a. frå Tromsø, Fylkehuset Kysten og fellesverkstad der, er det nå tid for ny giv i Lofoten, også med samarbeid lengre nord.

 

Grafisk verkstad heime i kjellaren

I heimeatelier har eg også ei handpresse i mindre format (50 x 90 cm).