VED KJELDA

 

Ause or upprørt vatn,

skjenkje grums.

 

Vent til det klårnar.

Hast ikkje slik!

 

Lite er det

du vinn likevel

og dagar kjem

etter deg.

 

Vente til kjelda fløder

da kan du gje 

av di overflod.

Av det som du sjøl

er fylt av.

Av ditt.

 

Vente ei stund

til det klårnar.

Gjev ikkje uro

gjev ikkje grums

til desse som står

ved kjelda og ventar.

 

Vente til vatnet klårnar

før enn du 

byd dei drikke.

 

Jan Magnus Bruheim