Collografi, fotopolymer og chine collè.

Teknikk og handverk er ikkje alt, men innan den klassiske grafikken er materialer og materialbruk viktig. Det fysiske møtet med papiret er med å prega det som skjer; det sanselege får vera med å styra i prosessen. Fuktig bomull trekkjer inn fargen. Kunnskap og erfaring gir peikepinn om korleis resultatet blir, men ein stor del av prosessen skjer i det umiddelbare; i direkte møte med materiala.
 
Metodane eg brukar mest i det grafiske arbeidet er collografi, fotopolymer og chine collé. Felles for desse  teknikkane, er at dei inviterer til eksperimentering. Dei klassiske teknikkane tresnitt, litografi, linoleum, koldnål m.m. er andre arbeidsmetodar eg har jobba med, men for min del er desse meir ukjende og nye arbeidsmåtane dei mest interessante.
 
Miljøvennleg.
 
Ein stor fordel er også at det er svært miljøvennleg. Sjølve trykkfargen er i olje (Charbonelle), men reingjeringa går i stor grad føre seg med matolje og eddik. Svært lite white spirit er i bruk, mest til fotopolymer. Etsing, med helseskadelege syrer, er så langt ikkje prioritert.
 
  • Collografi

    Dette er i prinsippet ein veldig enkel teknikk som krever lite spesialutstyr. Den fungerer både som djuptrykksteknikk og /eller høgtrykk, der plata er av kartong og bearbeidd med ulike former for struktur. Enten ved å lima ting på plata som gir overflatestruktur, eller ved å ripa i plata, som kan minna meir om etsing eller koldnål (i metall). EIn kan også teikna på plata med lim. Derette blir plata forsegla med lakk.

    Platene er ikkje veldig holdbare, så det er avgrensa antal trykk å få. I mitt tilfelle er kvart trykk vanlegvis kun eitt eksemplar av kvart bilde (merka I/I , altså èin av èin). Dette kan gi stor variasjon i farge og uttrykk.

  • Fotopolymer

    Fotopolymer er ein heilt annan djuptrykksteknikk, der trykkplata er av metall og er dekka med ein spesiell lysfølsom emulsjon. Under bearbeiding blir fotoet overført til transparent i svart/kvitt og lagt oppå denne spesialplata. Denne blir så belyst med UV-lampe, og eksponert med hjelp av vatn i mørkerom. Dette er også mogleg å gjera med mykje lengre eksponering direkte i sollys.

    Sjølve plata er holdbar, og kan brukast til svært mange nesten identitske trykk, men også her eksperimenterer eg heller med forskjellar.

  • Chine collé

    Chine collè er ein kinesisk metode der svært tynne lag av rispapir som ein har er trykt, teikna eller malt på, blir limt over trykket/på papiret med heimekokt rislim. Det gir ofte eit skjørt uttrykk, då det gjerne kan vera fleire gjennomskinlege ark som ligg lag på lag. Mest som ein collage.

    Kombinasjonar av collografi/chine collè går igjen i mine arbeid, men også kombinasjon med fotopolymer (som t.d med chine collé-venger på insekt).

    På dette biletet er firkantane trykt i collografi, mens det slørtynne auget i midten er chine collé.